Hopp til hovedinnhold

Audgunn Naustdal Holsen

Tekstil

E-post

post@audgunn.no

Telefon

41514461

Sted

Førde

Last ned CV

Eg er fødd og oppvaksen i Naustdal og bur og arbeider no i Holsen, Sunnfjord kommune og med Førde som næraste tettstad. Eg har kunstutdanning frå Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design (SHKD), no KHiB, Diplomeksamen 1986. Etter utdanning har eg hatt eigen tekstiltrykkverkstad, hatt fleire utsmykkingsoppdrag og separatutstillingar. I tillegg har eg vore lærar i formgjevingsfag i fleire år. I dag har eg eige atelier som tilbygg til bustaden vår og arbeider som kunstnar på heiltid. Eg arbeider med fleire ulike media, meir eller mindre på same tid; veggobjekt, tekstile vegginstallasjonar, tekstile småobjekt, tekstildesign og handverkproduksjon. Ein av mine arbeidsprosessar har haldepunkt i rydding, oppbevaring, samling, omdanning; bruk av det som ligg framfor ”føtene” eller på anna måte tilfeldig kjem til meg (- og som eg må rydde opp i). Dette gjev meg inspirasjon eller resulterer i konkrete oppryddingsobjekt. Mange arbeid blir til ved at eg i arbeid med eit verk får ein ide om å bruke avfallet i eit nytt prosjekt. I tillegg har eg i utsmykkingsamanheng arbeidd med tekstile element som har ein lydabsorberande effekt (‹Veggputer›).

2021

‹TEKSTILKLOSS›

Tekstil i korsstingsbroderi montert på ein trekloss. Tekstilklossen er forma slik at han står litt på skrå som ei ståande biletramme, og på toppen er det skore eit spor der ein kan plassere eit foto e

2024

‹ALT MITT›

‹ALT MITT› var eit kunstprosjekt der eg såg tilbake på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Materialet var vurdert, ev. omdanna og t