Hopp til hovedinnhold

Estelle Bourdet

Tekstil

E-post

info@estellebourdet.com

Telefon

+47 40316626

Nettside

www.estellebourdet.com

Sted

Jostedal

Last ned CV

Eg er ein sveitsisk-svensk tekstilkunstnar og handvevar basert i Luster og Jostedal. Gjennom arbeid i lin, bomull og resirkulerte material som klatretau og tekstilavfall, undersøkjer eg korleis tekstil kan forme rom, bære historier og aktivere sansane våre. Eg nyttar tradisjonelle vevteknikkar, men omformar dei med eigne fargingar og uvanlege materiale for å utfordre funksjon, tekstur og rytme. Arbeida mine veks fram sakte, tråd for tråd, og legg vekt på produksjon i eige verkstad – ei bevisst handling som speglar eit ønske om eit sakte kunstnerskap. Eg er oppteken av det som ligg mellom det funksjonelle og det poetiske, og skapar verk som ofte balanserer mellom bruksobjekt og skulpturelle installasjonar.

2025

La Cordée