Håvar Emdal
Tre
E-post
havaremdal@gmail.com
Telefon
91113519
Nettside
–
Sted
Spikkestad
Sosiale medier
Eg har tredreiebenk som mitt primære verktøy til å forme vasar, bollar, fat og skulpturar i tre. Prosessen startar med å sanke større tømmerstokkar, frå villahagar rundt om i nærområdet. Etter ei runde med motorsag, for grovforming, er emnet klart til å montere i dreiebenken og spinne rundt sin eigen akse, og eg formar det ferdige produktet med ulike dreiejern. Ut av eit stort stykke solid tre fjernar eg ca 95%. Det som blir igjen er det ferdige produktet. Etter dreiing kan eg arbeide vidare med treskjærerjern, tretyggere, stålbørste, handverktøy, gassbrennar eller ulike former for maling. Treet har ei eiga vilje til å forvandle seg etter kvart som det tørkar, med krymping og vridning. Eg er midt i balansepunktet mellom kontroll og friheit, og eg formar gjerne eit produkt rått, for så å la det tørke seg skeivt og skakt, for så å fortsette å jobbe på det etter at det har funne si nye form.
2021
utan tittel
Ferskdreia skål i tre som er blirr kraftig teksturert og brent med gassflamme før børsting og olje.