Hopp til hovedinnhold

Årsutstillingen 2022: Slik var opningshelga

Ei begivenhetsrik opningshelg på Drammens Museum er overstått. Me i NK takkar for ei fin feiring saman med kunstnarar og publikum, og er glade for at Drammen baud på sitt finaste haustvêr. Sjå bileter frå opninga nederst i saken!

Heile opningsarrangementet føregjekk i den flotte hagen utanfor Drammens Museum, og artisten Thea Wang innleidde programmet med nydeleg sang. Tidlegare direktør ved Drammens Museum, Åsmund Thorkildsen, og dagleg leiar i NK, Lise Stang Lund, holdt talar, før juryleiar Marianne Moe delte ut NKs debutantpris og Finn Erik Alsos’ minnepris. Representant for Bildende Kunstneres Hjelpefond, Sissel Ree Schjønsby, delte ut Kunsthåndverkprisen. Til slutt fekk me framført ein vakker og sterk opningstale av forfattar Simon Stranger. Årsutstillingen 2022 er spredt ut i ulike deler av Drammens Museums visningareal. Dermed kunne publikum vandra fritt mellom bygga for å få med seg alle verka.

Prisutdeling
Kunsthåndverkprisen fra Bildende Kunstneres Hjelpefond gjekk i år til Camilla Luihn for verket «Det som blir igjen». Astrid Sleire blei tildelt Finn Erik Alsos’ minnepris for verka «Flak – Grønt» og «Flak – Rosa og rødt», og Masoud Alireza mottok NKs debutantpris for verket «Untitled». Det var tre glade prisvinnarar som poserte for kamera i haustsola laurdag ettermiddag. Les meir om prisvinnarane her, og sjå heile jurybegrunnelsen her.

Juryomvisning og kunstnersamtale
Søndag var det duka for omvisning med juryleiar Marianne Moe. Det var eit solid oppmøte og mange nysgjerrige deltakarar som blei vist rundt i utstillinga. Her fekk dei vita meir om utvalgte verk sett fra juryleiar sitt perspektiv. Rett etter omvisningen fikk me bli betre kjent med prisvinnarane, i samtale med kunsthistorikar Peder Valle.

Me ynskjer å takka alle som kom på opningen av Årsutstillingen 2022! Utstillinga vil stå på Drammens Museum fram til den 30. oktober, og me håpar mange vil ta turen for å sjå Norges største mønstring av norsk samtidskunsthåndverk! Hugs at utstillingen vises både i museumsbygningen, Lychepaviljongen og i den japanske hagen. Som NK-medlem har man gratis inngang ved Drammens Museum.

Me har eit rikt formidlingsprogram planlagt for utstillinga, det kan man få med seg her. Den digitale katalogen for årets utstillingen ligger allereie ute på nett her.


Publisert

Sist oppdatert

Kategorier

Årsutstillingen

Mer fra aktuelt

Gå til Aktuelt