
Foredrag med Sissel Leknes: «Kritikk av kunsthåndverk – tanketomt og sanselig?»
Dato
10. april 2025
Type arrangement
Fagseminar/foredrag
KRAFT feirar Norske Kunsthåndverkeres 50-årsjubileum, og som ein del av feiringa kjem vi gjennom året til å arrangere ei rekkje føredrag. Det er med glede vi kan invitere til årets fyrste føredrag, med tittel “Kritikk av kunsthåndverk – tanketomt og sanseleg?” der kunsthistorikar Sissel Leknes tek oss med på ei reise gjennom kritikk av kunsthandverk. Finst det tendenser, eit gjennomgåande språk eller vendingar som gjer seg gjeldande i kritikk av feltet? Manglar kritikarar kjennskap til feltets særeigne språk, uttrykk og teknikkar? Kor går vegen vidare, i relasjonen mellom kunsthandverket og kritikken? Bli med på føredrag og høyr korleis Leknes grip saka an. Vi oppmodar alle som har motteke kritikk, ny som gamal, til å gjere seg nokre tankar om deira eigne opplevingar på førehand. Føredraget varer kring ein times tid, og det vil vere mogleg både å stille spørsmål og diskutere. Det vil verte servert noko lett i glaset. Velkomen, vi håpar de vil tenkje høgt og lågt med oss! Om Sissel Leknes: Sissel Leknes (f. 1989, Bergen) er kunsthistorikar og engasjerande formidler. Leknes har mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og skreiv oppgåva si om samtidskeramikk. Masteroppgåva har tittelen “Følelsen av leire. Kropp og sanser betydning i erfaring av norsk konseptuell samtidskeramikk” og er ei teoretisk-filosofisk undersøkjing av samtidskeramikk, tufta på sanselege og kroppslege erfaringar og teorier. Leknes skriv også om kunst på Instagram og Substack, der ho eksperimenterar med å skrive om kunst på ein kroppsleggjort og sanseleg måte.
Finn frem
Åpne i Google Maps
Skal du å markere NKs 50-årsjubileum? Registrer ditt arrangement hos oss!
Planlegger du et profesjonelt arrangement som markerer NKs 50-årsjubileum, som du vil ha med i det samlede jubileumsprogrammet? Registrer arrangementet hos oss for å synliggjøre det på NKs nettsider og motta digital jubileumsgrafikk.