
Kunstvimplar
Dato
1.–21. november 2025
Type arrangement
Annet
Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane har invitert med barn frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn til å markere Norske Kunsthåndverkere (NK) sitt 50- årsjubileum og feiring av kunsthandverkarane i regionen vår. Elevar på Slåtten Skule og Sunnfjord kulturskule i Førde, Kinn Kulturskule Måløy og Lærdalsøyri skule har fått ei nokså fri oppgåve der alt er lov og med gjenbruk av materialar skal dei forme kunstvimplar og hylle kunsthandverket. Ein kunstvimpel for kvart år – totalt 50 – blir samla og stilt ut i Kunstnarsenteret 1. - 21. november 2025. Følg med på Kunstnarsenteret sine Facebook-sider for opningstider og andre arrangement.
Finn frem
Åpne i Google Maps
Skal du å markere NKs 50-årsjubileum? Registrer ditt arrangement hos oss!
Planlegger du et profesjonelt arrangement som markerer NKs 50-årsjubileum, som du vil ha med i det samlede jubileumsprogrammet? Registrer arrangementet hos oss for å synliggjøre det på NKs nettsider og motta digital jubileumsgrafikk.