Hopp til hovedinnhold

Hanne Øverland og Sidsel Palmstrøm: «Overganger»


Dato

12. oktober–14. desember 2025

Type arrangement

Utstilling

Sted

Galleri Salhus på Tekstilindustrimuseet

Salhusvegen 201, 5107 Salhus, Norway

Vestland

Hanne Øverland og Sidsel Palmstrøm utforskar tekstile materiale som ber på både poetiske og konseptuelle lag. I møtet mellom fargar, nettverk og strukturar skaper dei ei utstilling som speglar forholdet mellom natur, teknologi og menneskeleg nærvær. Øverland presenterer arbeid basert på fargenyanser frå trua fugle- og sommarfuglarter i Noreg. Gjennom teknikkar som broderi, tufting og trykk omset ho artenes karakteristiske fargar til abstrakte tekstile portrett som peikar på naturens sårbarheit og rikdom. Palmstrøm viser objekt og installasjonar der nettet fungerer både som form og metafor. Dei handlaga netta av naturfiber antyder det uhåndgripelige, medan nylon-nett drivne av motorar opnar for assosiasjonar til teknologi, forbruk og samtida sine usynlege samband.Saman skaper kunstnarane ein heilskap som tematiserer mangfald, struktur og skjørheit – eit rom for refleksjon over kva som held oss saman, og kva vi står i fare for å miste. Opningstider: Onsdag, torsdag og fredag kl. 11–15 Søndag kl. 12–17

Frå Bergen sentrum kan du ta buss nr. 3 eller 4 frå Torget til Åsane tesminal, og buss nr. 35 frå Åsane terminal til Salhus kai. Deretter er det 3-4 min. gange til galleriet.

Illustrasjon i mange farger

Skal du å markere NKs 50-årsjubileum? Registrer ditt arrangement hos oss!

Planlegger du et profesjonelt arrangement som markerer NKs 50-årsjubileum, som du vil ha med i det samlede jubileumsprogrammet? Registrer arrangementet hos oss for å synliggjøre det på NKs nettsider og motta digital jubileumsgrafikk.